Meny:

Nytt:

21. Feb., 2007:
Ny artikkel utlagt i dag.
Livet mitt, Historie om ein ung homse som rømde bygda i ung alder og som komm inn i rusmiljøet i Oslo.

27. Nov., 2006:
Ny artikkel utlagt i dag. Ei rekke spørsmål om det å ha sex mellom homsa

14. Nov, 2006:
Ein artikkel om forskjellige symbol som vert brukt av homofile.

Les meir...

Livet mitt

Ein kar frå ein Sogna kommune, ”Olav” var ein sommar dag ute å gjekk langs kanten på Aker Brygge, under ein ferietur i Oslo.
Der støyter han på ein lasaron, som han synes å dra kjensel på. Det viser seg at lasaronen ein kar frå heimbygda hans. ”Per” hadde flytt ut av bygda då han var i 18 – 19 års alderen, sidan var det ingen som hadde høyrt noko til han.
”Per Lasaron” er ustelt og har møkkete utslitne kler, han kjenner tydelegvis ikkje igjen ”Olav”, for han spør om han kan få eit par myntar til mat.
”Olav” er litt tvilande til det, var redd for at ”Per” skulle bruke pengane til å kjøpa seg stoff for. Trur ”Per” skjønna dette for han sette seg på benken i lag med ”Olav” å starta på ei lang historie om seg sjølv.

Det heile starta når eg var 13 år. Då oppdaga eg at eg ikkje var som alle andre 13 åringar. Medan dei andre i klassen snakka om rålekre damer, smugtitta eg på gutane i dusjen etter gymtimane. Etter kvart som tida gjekk, skjøna eg at alt ikkje var som det ”skulle” vera. Dette plaga meg ganske lenge. Eg hadde ikkje noko som eg kunne snakke om ”slikt ting” med.
I tillegg så tok heller ikkje foreldra mine seg av meg. Eg kunne gjera kva eg ville, dei brydde seg ikkje lenger. Begge foreldra mine var meir opptatt med å festa i lag med vennene sine i helgane enn å ta vare på meg. Eg ønska alltid at dei skulle setja grenser for meg, og at dei sa at dei brydde seg om meg, Noko som dei aldri gjorde.

Eg kunne aldri ta med med venner heim, ølflasker stod over alt, eg viste aldri i kva tilstand foreldra mine var i når eg kom heim, eller kor mange fulle folk som var i huset. Vennene mine lurte på kvifor, men eg torde aldri å fortelja dei sanninga.
Det at eg var usikker på legninga mi og at det var ingen som brydde seg om meg heime gjorde at eg byrja å drikka i niande klassen. Eg drakk for å gløyma det deprimerte livet mitt. Foreldra mine sa ingenting om eg kom stup full heim, dei berra lo av meg. Dei gav meg heller ikkje innertiar, som sagt skulle eg ha ønskt at dei hadde vist, at dei hadde brydd seg om meg.

Eg følte meg heilt aleine i verda, når vennene mine måtte inn om kvelden sat eg ute og drakk sprit. Foreldra mine brydde seg ikkje, dei var nok ikkje glad i meg. Etter kvart gjekk eg ikkje på fest meir heller. Eg bare sat inne på rommet mitt heilt for meg sjølv, og drakk til eg sovna. Eg visste ikkje mi eiga identitet, og eg var i ein følsam alder.

I 18 års alderen hadde eg fått nok av livet heime. Eg berre stakk heiman frå sånn utan vidare. Drog rett til Oslo, der eg slo meg i lag med ein gjeng. ”Kameratane” mine dreiv med farleg narkotiske stoff, og eg var ikkje ein av dei dersom eg ikkje prøvde. Byrja først med hasj, tenkte at det var ikkje så ille, sidan det var eit lett narkotisk stoff. Eg vart sikkert ikkje avhendig, tenkte eg, men der tok eg grundig feil.

Tyngre narkotiske stoff skulle til, amfetamin var vel ikkje så alvorleg.
Stoffet blei meir og meir nødvendig. Det blei mykje hardare for meg og skaffe pengar, så steling var den einaste utvegen. Amfetaminet tok overhand over meg, noko sterkare skulle til. Heroin var neste steg, eg trudde aldri eg skulle bli ein sløv sprøytenarkoman. Stoffet vart alt for meg, det einaste dagen gjekk ut på var å få pengar til stimulans. Nokre av kameratane mine døydde ein pinsam død, på grunn av heroin overdose. Eg skulle ønske eg aldri hadde prøvd slike saker. Stoffet kostet meg ein stor formue dagleg, rundt to tusen kroner. Eg blei bare sløvare og sløvare. Eg og kameratane mine stal for å få vår daglege dose med stoff. Livet hadde inga meining meir, det ville vere betre å døy.
Dette ville aldri ha skjedd, dersom foreldra mine hadde set nokre grenser.

Nå har eg vere narkoman i snart 10 år, og eg vil gjerne slute, men får det ikkje til. Pengane eg spurte om er ikkje til stoff, dei er til mat. Eg er frykteleg svolten, og har ikkje spist på fleire dagar .

Eg har aldri vert tilbake i heimbygda mi, etter at eg forlet den for 11 år sidan, begge foreldra mine er vel døde i dag. Eg har aldri gjeve noko livsteikn frå meg nokon gong.

”Olav” tok med seg ”Per” til eit gatekjøkken å let han ete seg mett. Han fortalde også kven han var og kor han kom ifrå. ”Per” fekk også sikklege og reine kler den dagen, fekk seg også seg eit bad. Før ”Olav” forlet Oslo, hadde han fått ”Per” inn på avrusing.
Heimbygda til ”Per” fylgde han opp etter han kom ut ifrå avrusings sentret han hadde vert på.

I dag lever ”Per” eit ganske vanleg liv i heimbygda, har ikkje noko fast forhold enno, man han innrømmer at han har hatt eit par ”kosevenner”. Han synes at det er greitt å vera homse i den bygda han no bur i. Han har også fått fleire homofile venner / venninner.
”Per” meiner at det homofile miljøet er langt hardare i byane enn ute på bygdene. Etter to år i heimbygda synes ”Per” at det har vore mest medgong, og svært lite motgong. Det er han veldig glad over og takkar ofte vennene og familien sin for å vera så forståelsefull mot han.

Han veit godt at det er mange som strevar seg gjennom kvardagen på grunn av sin legning, og andre som ikkje tør å stå fram i frykt for å drite seg ut.. Hans oppfordring er å ta kontakt med andre homofile eller andre som man stoler på, som ein kan fortelje om sine problem til.
Han legger også til at det alltid vil vera litt motgong med i bilete, noko ein er nøydd til å oversjå om ein skal klare å forsetja.