Meny:

Kontaks oss.

Om dere ynsker kontakt med oss så bruk Forumet, inntil vidare

Nettstaden sogneskeiv.com

I desember 2003 starta sogneskeiv.com opp sin aktivitet for "skeive på bygda", i august 2005 skifte vi namn til Bygdeskeiv sidan mange oppfatt oss som ei særside for Sogn. Vi har heile tida ville vere ei side for landsbygda i heile landet. Vi veit at vi har personar som besøker oss som er lokaliserte i Peru, Danmark, Færøyane og Usa.

Ideen til Bygdeskeiv er å ha ei nettportal for skeive folk ute på landsbygda, og for å for å synleggjere at det lever homofile folk ute på bygdene også. Vi har eit Forum der folk kan diskutere fritt kva dei vil. Det er ope for alle.

Vi prøver også å få med oss skeive nyhende rundt om i landet, men vi har litt problem her, sidan vi ikkje har kapasitet å gå gjennom alle lokalavisene rundt om i kongeriket, derfor er vi avhengig av hjelp frå våre besøkande.

Vi har også ein litt anna vinkling på portalen vår eller andre "skeive nettportalar" i landet. Vi vil vera meir ein nyhende og diskusjons portal enn det mange andre satsar på. Vi vil ikkje drive med kontaktformidling eller ha pornografiske bilete på sidene våre. Vi vil også prøve å drive litt opplysningsverksemd og skrive generelt om det å vera homofil på landsbygda.

Det vi vil er å setja fokus på vera homofil ute på bygda. Slik det er i dag er skeive menneskjer ei stor eksportvare inn til byane frå landsbygda. Men det går fint å komme ut og leve som skeiv ute på bygda. Det går som regel greitt å leve som skeiv på bygda, men sjølvsagt kan det vera tøft for mange, det skal ein ikkje stikke under ein stol. Mange trur at det er vanskeleg å komme ut, men det er som regel i sitt eige sinn det er slik. Når ein først går ut plar det gå mykje betre enn det ein hadde trudd.

Vi har ingen lag eller organisasjon bak oss, vi stiller oss nøytrale til homofile lag og organisasjon. Når det er sagt så har det vist seg at i Sogn og Fjordane er det uråd å få til slike lag, dei er nett oppe i overflata å vaker litt så søkk dei ned til botnen igjen, sist LLH Nordvestlandet. Vi har skrive litt om dette på bloggen vår.

Vi meiner at om vi får det til slik som vi vil med nettstaden vår, kan bygda bli ein betre plass for skeive folk. Men dei homofile må sjølv gjera bygda betre ved å vera seg sjølv. Dei må syne at dei er likeeins etter dei er kommen ut av skapet . Dei kan skape eit betre miljø ved å vera synleg og delta i diskusjonane i samfunnet rundt dei.

Etter at vi skifte namn den 1. august 2005 oppretta vi ein ny funksjon på nettstaden. Web-chat der ein kan nytte webcam på, men andre ord ein chatteside der ein kan sjå den personen ein snakkar med Vi som står bak www.sogneskeiv.com driv sidene på vår fritid og utan noko som helst støtte frå nokon, så om nokon finn sidene våre intresann og vil vera med å sponsa oss er vi mykje takknemmleg for det. Om du er datakunnig innenfor php og websider tar vi også i mot hjelp der.

Om du har noko som du vil vi skal leggja ute eller om du vil senda oss eit ord eller to, så kan du senda oss nokre ord her.